Pris til fotokunstnar

På opninga av Vestlandsutstillinga i Ålesund laurdag fekk den talentfulle fotografen og kunstnaren Christine Hansen frå Florø "Vestlandsutstillingens pris" for 2001 på 25.000 kroner.
Prisen blei skipa i 1997 som ei utmerking til ein kunstnar eller ei kunstnargruppe som viser særleg interessante tendensar. Prisen skal stimulere til nytenking og gi mulegheiter til å realisere større kunstnariske prosjekt.

Christine Hansen (33) er fødd i Bergen, men oppvaksen i Florø. På utstillinga i fjor var ho representert med fotoseriane Norske galehus – 2000 og Tysdag – 1998. Den første serien er ein nøktern dokumentasjon av kommunale bygningar. At det dreiar seg om galehus gir arbeidet meining, mana fram av tilskodaren sine tabuforestillingar om sinnssjukehus. Tysdag er den andre serien. Her er temaet fallande personar, personar i ubalanse.
 -

Varsle Foto.no
Som innlogget kan du kommentere artikler.
Artikkelkommentarer
Ingen har kommentert denne artikkelen enda
Eller kommenter via Facebook:
Åpne uskalert versjon i eget vindu